Himmelspannet - Hemsedal

Ostar ysta på mjølk frå geit og kyr som har beita mellom mektige fjell i Hemsedal.

På eit lite ysteri i Hemsedal produserast det ostar i verdsklasse etter ei gamal oppskrift.

Då Tine la ned etter 70 års meieridrift i Hemsedal i 2002, slo lokale bønder seg saman og starta Himmelspannet for å ta vare på og vidareføre lange yste- og stølstradisjonar i bygda.

- Med oss på laget fekk vi nokre kreative hyttefolk, og historia om Himmelspannet tok form. På stølane i Hemsedal i gamle dagar, hendte det at budeia om morgonen oppdaga at noko av mjølka på mystisk vis var blitt borte. Sagnet fortel at Haugafolket hadde forsynt seg, og at den beste mjølka havna i i ”Himmelspannet» i ly av nattmørke. Vi har funne Himmelspannet, fortel Mette Eggen Krag.

Ostar i verdsklasse 

I dag har dei halde det gåande i 15 år, produserer cirka 20 tonn ost årleg og sysselsett omlag tre årsverk. Dei ystar på lokal ku- og geitemjølk, og produserer fire ulike ostar; Solglad, Skogshorn, Raudberg og Geiteberget oppkalla etter fjelltoppar i Hemsedal.

- Opphavet til ostane våre er ei gamal oppskrift som blei funne på lokal ost kalla ”seter-ost”. Den er noko tilpassa, og vi har også vore litt kreative rundt basisoppskrifta, som har likskapstrekk med Camembert.

Prisbelønte oster

Himmelspannet har motteke fleire prisar for ostane sine, blant anna som finalist til Årets ost frå Det Norske Måltid. Dei to raudkittostane Solglad og Raudberg er begge tildelt merket Spesialitet, og Raudberg og Skogshorn er godkjent økologiske.

Tek vare på tradisjonar

- Vi ynskjer å bidra til å ta vare på lange støls- og ystetradisjonar i bygda, og å vidareføre kunnskap om desse. Eg trur ostane våre fell i smak hos folk fordi det rett og slett er gode ostar med særpreg; det er handverksprodukt laga for hand i alle ledd, med omtanke og kjærleik til produkt og råvarer, fortel Mette og legg til:

- Vidare synest eg det er viktig med lokale varer og produkt fordi det bidreg til mangfald, stoltheit og arbeidsplassar. Vi tek vare på tradisjonar og har fokus på kvalitet og dyrevelferd i ei anna grad enn det er mogleg i industrien.

Raudberg ost frå Himmelspannet får du i alle MENY-butikkar, mens de øvrige får du i de fleste større MENY-butikkar.

Foto: Jørgen Nordby

Relaterte artikler