Marthas Delikatesser - Straume

Majones- og sildesalatar frå Sotra.

 

 

Marthas Delikatesser produsert majones- og sildesalatar som slett ikkje kompromissar på kvaliteten.

Då Ole Magne Høyland åt hotellfrukost ein morgon i 1992, kunne han ikkje finne ei einaste reke i rekesalaten – berre majones og fyllmasse. Mai same år overtok han eit produksjonslokale og nokre salatoppskrifter frå Robert Halleraker på Sotra – like utanfor Bergen, og starta Rekespesialisten.

Med kjærleik og respekt for gode mattradisjonar

Han justerte rekeinnhaldet i rekesalaten frå 15 til 50 prosent, noko som framleis er ein viktig del av filosofien til Marthas Delikatesser – dei kompromissar ikkje på kvaliteten.

I 1993 kom Martha Offerdal med sine ettertrakta sildeoppskriftar, og ga bedrifta fleire bein å stå på. Sildeprodukta gjekk under namnet Marthas Hjertegode kjøkken, og produksjonen vart flytta til større lokalar på Ekerhovd.

I 2003 tok yngre krefter over stafettpinnen, og Ole Magne selde til sonene sine Frode og Ole Martin, og Hallgeir Haugland. Maskinparken blei bytta ut, produksjonslokala modernisert og namnet vart endra til Marthas Delikatesser.

Salatane vært laga av rause karar på Sotra med kjærleik og respekt for gode mattradisjonar, og med gjennomgåande mykje og gode råvarer – ikkje berre på toppen.

Majonessalatane inneheld mykje ekte og gode råvarer, noko som gjer at dei smakar ekstra godt – utan bruk av kunstige smaksforsterkarar.

Marthas Delikatesser finner du i utvalgte MENY-butikker i Hordaland.

Relaterte artikler