Vossakjøt - Vinje

Et stykke vestnorsk historie. Hordaland.

Det meste av det Arne Merkesdal, daglig leder i Vossakjøt, kan om slakting, røyking og modning av kjøtt, lærte han av faren sin. Faren hadde på sin side fått kunnskapen fra sin far, som igjen hadde sett hvordan sin far gjorde det. Så når du smaker på et stykke fenalår eller fårepølse fra Vossakjøt, setter du tennene i et stykke vestnorsk historie.

Den som berre ser seg attende, kjem ikkje framover, heiter det. Derfor er vi i Vossakjøt opptekne av å foreine gamalt og nytt, av å bygge bru mellom gamle skikkar og moderne ganar. Samtidig som vi er trygt forankra i lokale tradisjonar, har vi blikket fast retta framover.

Målet vårt er å gi marknaden det beste av vestnorsk matkultur, og til liks med skiskyttarar, langrennarar og kulekjørarar frå Voss, har vi allereie vunne fleire gullmedaljar for innsatsen. Når me lagar vossakorv, ”korvar” me kjøtet slik ein gjorde det på vossagardane frå gamalt av. Me kvernar og eltar i staden for å hakke. Me røykjer fårepølsa i eldhus med ei blanding avtørr og våt orreflis, slik at det ikkje brenn, men berre ulmar. Me saltar pinnakjøtet i toomgangar, først i lake og så med tørrsalt i ryggen, slik at saltmengda skal bli jamn overdet heile. Me let fenalåret hengje til modning i minst fire månader under dagleg tilsyn,slik at vind og vêr og godt trena auge avgjer når det er ferdig. Kvifor? Fordi det er kombinasjonen av godt kjøt, lokale foredlingstradisjonar og naturlegmodning som gir den unike smaken av vilt og vakkert Vestland.

Ei rekkje av produkta våre har òg Spesialitet-merket frå Matmerk, ein garanti for at forbrukaren får eit kvalitetsprodukt og ei god og spennande matoppleving. Både Vossakorv, Bondekorv, Eldhusrøykt pinnakjøt, Urøykt pinnakjøt, Hakkasteik, Eldhusfår, Eldhusrøykt fenalår, Urøykt fenalår og Spesialmodna Eldhusbacon kan smykke seg med denne utnemninga.

Vi trur tida arbeider for den som kan tilby solid fagkunnskap og unike produktkvalitetar. Forbrukarar både heime og ute vert meir og meir opptekne av at maten ikkje berre skal vere god, men òg tufta på lokale tradisjonar og ha historiske referansar.

Kort sagt – vi har trua på dei ekte matopplevingane.

Produktene fra Vossakjøt kan du få i utvalgte MENY-butikker. 

Andre artikler

MENY bruker cookies på sine nettsider for å gi deg en bedre brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke nettstedet, godtar du bruk av cookies.