Iskremgarden - Jæren

Den beste isen kommer fra Jæren

«På Waldeland gard, under den høge himmelen på Jæren, beiter kyrne i fred og semje. Den ferske mjølka, blanda med naturlege smakar, vert til knallgod is"


Historia om Iskremgarden er eit moderne norsk bondeeventyr. Den nye istida byrja for kort tid sidan, i 2006, då det unge ekteparet Grete Waldeland Høiland og Ole Morten Høiland grubla seg fram til ideen. Dei ville meir enn vanleg gardsdrift, så kvifor senda all den gode mjølka av garde med tankbil? Me kan jo til dømes produsera iskrem! Kortare veg frå mjølk til is fins vel ikkje i kongeriket?


Bønder på Jæren gjer ting skikkeleg. Så det kunne ikkje vera snakk om kva is som helst. Gründerane drog til Italia for å smaka og knytta kontaktar. Så bar det heim til kjøkkenet. Prøva å feila. Om att. Og endå ein gong. Familie og vener fekk is langt opp i halsen. Men til slutt sat oppskriftene som dei skulle. Det vart ein kompakt is med lite luft og mykje smak.

Ein liter is frå Iskremgarden veg mykje meir enn annan is frå frysedisken. Det er berre naturlege råvarer i isen. Det skal vera ekte smakar. Kunstige essensar er ikkje noko for Iskremgarden. Så langt som mogeleg vil Grete og Ole Morten nytta norske råvarer, men dei vil sjølvsagt òg nytta ingrediensar frå støvellandet der sør.»

Jacobs Utvalgte iskrem fra Iskremgarden får du i de fleste MENY-butikker

Andre artikler

MENY bruker cookies på sine nettsider for å gi deg en bedre brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke nettstedet, godtar du bruk av cookies.