Ægir Bryggeri - Flåm

Basert på Norrøn tradisjon

Verdas lengste og djupaste fjord heiter Sognefjorden. Inst i fjorden, i ein sidearm, ligg Flåm. Naturen er vakker, fjellsidene bratte, fossane durande og dalane tronge. Her finn du Ægir, kåra til Årets bryggeripub i fleire år, og vinnar av fleire prisar for ølet sitt.


Namnet Ægir er vanskeleg å ta feil av dersom ein kan sin Norrøne mytologi. Jotnen Ægir var bror av Vinden og Ilden og herskar over havet. Hallen hans var dekka av gull og trengte ikkje andre lyskjelder. I følge Odin brygga Ægir det beste ølet i det største bryggekaret. Når han årleg ba Æsene til ete- og drikkegilde, bar øl og mat seg sjølv rundt medan drikkehorna fylte seg sjølv. I hallen hans måtte gudane halde fred med kvarandre eller verte vekkvist til evig tid. 


Bryggeriet opna i juni 2007 etter eit 3 år langt svangerskap, men for gründer Evan Lewis skjedde det nesten tjue år tidlegare. Lewis, som er fødd og oppvaksen i staten New York, starta med heimebrygging allereie då han var 17 år gamal og draumen om eit eige bryggeri tok han etter ei vekslande yrkeskarriere, til Flåm. Undervegs og på eit pub-bryggeri i California, traff han kona Aud Melås som er frå Sogn og saman starta dei Ægir Bryggeri. I dag regjerer Melås verksemda Flåmsbrygga, med kafé, restaurant, pub og hotell, medan Lewis tek hand om produksjonsbryggeriet.

Mange slags godt øl er imidlertid ikkje nok. Bryggeriet og puben er kun ein del av ei totalpakke, Flåmsbrygga. Her finn du Flåmsbrygga Hotell, Flåmstova Restaurant, Furukroa Kafe og Ægir Bryggeri & Pub. Tek du ein tur til Flåm, kan du med andre ord både drikke, ete og sove godt. Mat av god kvalitet tufta på lokale tradisjonar og råvarer, er ein del av konseptet. Det lokale brygget vert servert til maten og brukt som ingrediens i marinadar og sausar, under mottoet: «Vår matfilosofi er at Ægir øl skal vere både i og til maten.»  Denne haldninga har som mål å gi folk ei oppleving og forståing av at øl kan vurderast på lik linje med vin, og at det passar like utmerka til mat. Ein spesialitet er øl- og matmenyar som gir ei unik smaksoppleving.

Bryggeriet er ungt, men det har allereie sett sine spor.

Produkter fra Ægir Bryggeri får du i utvalgte MENY-butiker i Sogn og Fjordane. 


Andre artikler

MENY bruker cookies på sine nettsider for å gi deg en bedre brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke nettstedet, godtar du bruk av cookies.