Balder Brygg - Leikanger

Tradisjonsbaserte produkt, tradisjonsbundne navn. Sogn.

Balder Brygg i Leikanger i Sogn starta opp sin ølproduksjon i juni 2012. Produksjonen er tufta på lokal entusiasme og vidareutvikling av meir enn tusen års gammal vestnorsk heimebryggartradisjon. I følgje den eldste norske lovgivninga, Gulatingslova, var det brot på kristenretten å unnlata å bryggja øl. Dette var eit viktig grunnlag for at øltradisjonen heldt seg oppe gjennom årtider med svarteprestar og fordømming av denne «gude-gåva til menneska». På austlandet tok spriten styringa og øltradisjonen fall bort.

Det faktum at Leikanger har 35-40 aktive heimebryggarceller, understøttar vår forankring og gir Balder Brygg eit eineståande utgangspunkt for å videreutvikle desse vestnorske  tradisjonane. Betre styring av prosessen og bruk av moderne gjærkulturar skal sikre resultatet og tydleggjere vår profil, samtidig som den vestlandske øltradisjonen videreutviklast.

Balder satsar primært på produksjon av lagerøl (undergjæring). Dette er ei unik satsing for eit microbryggeri. Undergjæret løfter den gamle øltradisjonen til nye høgder for dei øltypane der vi vil framheve malten som ølets kropp. Sidan vi ikkje vil filtrere ølet vårt krev denne produksjonsteknikken lengre gjæringstid og betydeleg lengre lagringstid enn overgjæra øl (ale).  Denne ekstrakostnaden håpar vi at våre kundar er villige til å betale for ekstra god smak og klårare øl.

Balder leverer også eit utval overgjæra øl. Våre ales skal imidlertid ikkje dra sjøvegen til India, slik IPA-en skulle. Våre øl skal i verste fall over fjellheimen for å nå våre kundar. Humlinga er derfor meir beskjeden, men gjev frisk og sitrusprega lukt og smak.

Tradisjonsbaserte produkt er kobla med tradisjonsbundne navn. Balder Brygg hentar inspirasjon til navn og logo frå den 8 meter høge bautaen Baldersteinen i Balders hage. Her trakka Harald Hårfagre sine barnebein, inntil han vart flytta til Karmøya.

Balder Brygg satsar på kvalitet og nisjar. Ei klar nisje er altså vårt undergjæra øl. På denne måten foredlar vi det gode i gammal, lokal heimebryggartradisjon  – ølet som sjølv gudane elskar  – og deler det med våre kresne kundar.

At øl er kultur og tradisjon er ingen floskel i Balder Brygg!

Produkter fra Balder Brygg får du i utvalgte MENY-butikker i Sogn og Fjordane. 

Andre artikler

MENY bruker cookies på sine nettsider for å gi deg en bedre brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke nettstedet, godtar du bruk av cookies.