Balholm - Balestrand

Ingenting tilsatt og ingenting tatt ut.

Kvar liter Balholm eplemost er laga av halvannan kilo eple, og hverken sukker eller konserveringmiddel er tilsett i flaskene. Mosten varierer smaksmessig etter når på året eplene blir pressa og kor mye eplene har fått utvikle seg under lagring. I tillegg til friskpressa Eple, produserer Balholm også Eple&bringebær, Eple&solbær, Eple&pære, Eple&kirsebær og Eple&blåbær.  Balholm tilbyr dermed eit utval av reine fruktdrikker som skiljer seg ut  både når det gjelder produksjon og smak. Om lag halvparten av produkta er økologiske.    

Vår historie:

Balholm er det gamle namnet på Balestrand som ligg i midtre Sogn. Dette er ein lun fjordregion, der frukttrea truleg har blømt sidan vikingtida. I soga om kong Sverre står det om Aldinshagi i Vik i Sogn. Aldin er gamalnorsk for aldetre/ apal = epletre. Dette er den første skriftlege dokumentasjonen på fruktdyrking i landet, og det viser at sogningane hadde eplehagar før munkane kom til landet.  

Klimaet ved Sognefjorden er varmt nok til at aprikos, fersken og vindruer kan dyrkast på friland, berre 3 mil frå Jostedalsbreen sin evige is. Dette er kontrastane sin regionen. I dette fjordlandskapet har Balholm pressa frukt i 20 år.  

Like ovanfor Balholm ligg Ciderhuset omkransa av tre tusen frukttre.  Her lagar Åge Eitungjerde, Eli Grete Høyvik og familien deira eplecider, dessertvin og fruktdram. Av dei mange frukttrea er to tredjedelar eple fordelt på 80 ulike sortar, deriblant bitre cidereple frå Normandie og Somerset. Resten er plomme, pære og kirsebær - og litt aprikos og druer! Klimaet i Sogn gjer at frukta modnar saktare enn på sørlegare breiddegrader. Det gir meir syre og konsentrert smak

Frukt har fascinert Åge frå han var liten, og han likar å samle på ulike sortar, pode og plante. Bestefaren lærte han korleis ein skulle behandle eple like varsomt som egg – og pakke dei inn i silkepapir slik at dei heldt seg fine. Lukta av Gravenstein kan enda ta han med tilbake til hagen med bestefar. 

Den største årlege opplevinga er likevel fruktbløminga:  Åge fortel at han går ut seint på natta når himmelen lysnar i nord-aust og går på nygrodd gras langs rader av kvit- og rosablømande frukttre. «Her kan du dra inn ein ange som – viss du let att augene – får deg til å tru at du går langs snorer av nyvaska laken utanfor eit fransk parfymeri.»  

 

Neste generasjon har vakse opp med å hjelpe til i hagen:

beskjæring, tynning, plukking, sortering - og ikkje minst fråtsing i frukt. Den aller yngste generasjonen viser også fruktentusiasme – vesle Edda (som også er namnet på ein plommesort!) elskar å vere med bestefar Åge i hagen og smake på frukta. Ho lærte tidleg å seie både «Balholm» og «plomme» og «eple».

Då Åge overtok bruket etter bestefaren på midten av 90-tallet, såg han etter nye måtar å utnytte frukta på. Han sa opp stillinga som høgskulelektor for å etablere Balholm og Ciderhuset. Balholm - den gang kalla Gulleple – vart eit pionerprodukt; den første heilt naturleg fruktmost på den norske marknaden. 

Frukt og bær som Balholm bruker i juicen kjem frå mange småbønder frå heile Vestlandet. Vi vil at fleire skal kunne drive med frukt - og få skikkeleg betalt for det. Det er både bra og bærekraftig når frukt som ikkje eignar seg for sal i butikk, kan bli friskpressa most. Nokre bønder leverer også heile avlinga si til oss. Saman med alle desse bøndene lagar vi dei gode smakane du kan nyte på flaske. 

Økologi

Balholm har som målsetjing at økologisk naturmost frå Sogn skal vere tilgjengeleg i daglegvarebutikkar over heile landet. Førebels er råvaretilgangen for liten til dette. Vi arbeider difor med å auke den økologiske fruktproduksjonen gjennom å få i stand kontraktdyrking. Sogn Jord-og Hagebruksskule i Aurland har planta ut eit eplefelt på 20 daa som årleg skal gje smakfull økologisk eplemost. I dag leverer Balholm ein stor del av den økologiske produksjonen til Godt Brød sine bakebutikkar i Oslo, Bergen og Trondheim og til Gardsbutikken på Stend Jordbruksskole utanfor Bergen.

Produktene fra Balholm får du i MENY-butikker i hele landet

Andre artikler

MENY bruker cookies på sine nettsider for å gi deg en bedre brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke nettstedet, godtar du bruk av cookies.