Signes Raspeball - Førde

Det hadde ikkje vorte mykje fart i produksjonen hos Signes Raspeball AS i lokala på Øyrane i Førde om det ikkje var for denne skapnaden, som på latin går under namnet Solanum tuberosum! Ein potet er ikkje berre ein potet - hos Signes Raspeball!

Det finst ei mengd potetsortar å velje mellom, faktisk fleire hundre på verdsbasis - og talet er stort òg her i Noreg. Men langt på nær alle av desse er eigna for produksjon av raspeball. Gjennom alle åra med produksjon av raspeball, har Signe vorte ein ekspert på å velje ut dei rette potetsortane. Mellom anna må ein ta omsyn til koking, kverning, konsistens - og ikkje minst storleik og lagringsevne. Peik er Signes favoritt!

Det store volumet potet som kvar veke kjem inn til produksjonslokala , er nøye gjennomtenkt og vurdert. Difor stiller òg bedrifta høge krav til leverandøren av potet, til pris og leveringsvilkår. Kontinuitet i tilhøvet til leverandøren sparar bedrifta for tid og pengar, som i sin tur kan kome forbrukaren til gode.

Helt sidan starten i 1995 - under namnet Sunnfjord Konservering - har den viktigaste ingrediensen hos Signes Raspeball vore poteten. 

Raspeball, klubb, komle, kumle, kompe, kump(e), potetball, klot eller ball er ein tradisjonell matrett. Han er ein bolle (ball) laga av potet, mjøl, salt og vatn, av og til fylt med fleskebitar. Raspeballen kan serverast saman med saltkjøt, stekt flesk, kålrotbitar, kålrotstappe og anna tilhøyrsle som sukker, margarin, smør, tyttebærsyltetøy, duppe, eller sirup - alt etter lokale eller familiære tradisjonar. I Bergen kan retten bli servert med potetar, kålrotstappe, saltkjøtt av får, flesk og Vossakorv. Retten er svært populær i Noreg, Sverige, Latvia, Ukraina og Litauen - der han er nasjonalrett, og elles i store delar av Sentral-Europa som tilhøyrsle. Hovudingrediensen er skrelte potetar, som blir raspa eller malne opp blanda med mjøl for å få ballane til å hengje saman.

Alt etter mengdetilhøvet av potetmasse og ulike typar mjøl, vil produktet få ulik smak og konsistens. Somme stader i landet lagar ein massen ganske laus, og fingertjukke terningar av kjøt og flesk blir lagde inn i midten av ballen før han blir lagd i gryta for koking (kumpe/kumle med dott). Andre stader lagar ein deigen hardare og kokar tilhøyrslene for seg - til dømes vestlandsk raspeball. Namnevariasjonane vil ofte gi eit vink om kva ingrediensar som er brukte og kva distrikt oppskrifta kjem frå.    

Signes Raspeball gjer seg ikkje sjølv. Mange ulike produksjonsfasar gir lange dagar på jobb! Vaske, skrelle, skylje, kverne, blande, koke, pakke, prise, levere. Når du bestiller raspeball hos Signe er du alltid garantert at du får ferske, handlaga varer. Frå Signe tek imot ei bestilling og til raspeballane er leverte til kunden vil det alltid gå kort tid, sjølv om produksjonsprosessen består av mange ulike fasar. Potetene skal vaskast, skrellast og skyljast. Deretter skal dei kvernast og tilsetjast mjøl og salt. Røra skal deretter tilsetjast flesk, før dei skal kokast og får forma vi kjenner. I tillegg kan det nok røpast at Signe har ein liten ”løyndom” som gjer at raspeballane hennar skil seg noko frå konkurrentane, vonleg i positiv retning. Før varene blir leverte til kunden, skal dei prisast, vakuumpakkast og etiketterast. 

Signes raspeballer får du i utvalgte MENY-butikker i Sogn & Fjordane

Andre artikler

MENY bruker cookies på sine nettsider for å gi deg en bedre brukeropplevelse. Ved å fortsette å bruke nettstedet, godtar du bruk av cookies.