Balholm - Balestrand

Balholm - Balestrand

Ingenting tilsatt og ingenting tatt ut.

Kvar liter Balholm eplemost er laga av halvannan kilo eple, og verken sukker, vatn eller konserveringsmiddel er tilsett i flaskene.

Kjøp fruktmost fra Balholm

Balholm er det gamle namnet på Balestrand, som ligg i midtre Sogn. Dette er ein lun fjordregion, der frukttrea truleg har blømt sidan vikingtida. I soga om kong Sverre står det om Aldinshagi i Vik i Sogn. Aldin er gamalnorsk for aldetre/ apal = epletre. Dette er den første skriftlege dokumentasjonen på fruktdyrking i landet, og det viser at sogningane hadde eplehagar før munkane kom til landet. 

Dette er de 6 finalistene i MENYs Matskattstipend 2021

Dette er de 6 finalistene i MENYs Matskattstipend 2021

Seks av 450 lokalmatprodusenter har nådd gjennom nåløyet som finalister i MENYs Matskattstipend 2021. Kandidatene brenner for godt håndverk, lokale råvarer, høy kvalitet og produktutvikling. Juryen, bestående av blant annet landbruk- og matminister Olaug Bollestad, offentliggjør vinnerne til høsten.

Den første heilt naturlege fruktmosten

Klimaet i Sogn gjer at frukta modnar saktare enn på sørlegare breiddegrader, noko som gir meir syre og konsentrert smak. Då Åge Eitungjerde overtok bruket etter bestefaren på midten av 90-tallet, såg han etter nye måtar å utnytte frukta på.

Han sa opp stillinga som høgskulelektor for å etablere Balholm og Ciderhuset. Balholm  – den gang kalla Gulleple – vart eit pionerprodukt; den første heilt naturleg fruktmost på den norske marknaden.

I 2005 vart det igjen lov å produsere cider for sal, etter 80 års forbod. Då byrja Åge også å lage cider – i fransk og engelsk stil, tørr og frisk. I 2011 var destillasjonsutstyret på plass, og Ciderhuset kunne begynne å produsere dei edlaste dråpane, fruktbrennevinet.   

Som nyvaska laken utanfor eit fransk parfymeri

Frukt har fascinert Åge frå han var liten, og han likar å samle på ulike sortar, pode og plante.

Bestefaren lærte han korleis ein skulle behandle eple like varsamt som egg – og pakke dei inn i silkepapir slik at dei heldt seg fine. Lukta av Gravenstein kan enda ta han med tilbake til hagen med bestefar, seier Ragnhild Eitungjerde Høyvik, som jobber i Balholm og er datter av Åge Eitungjerde.

Like ovanfor Balholm ligg Ciderhuset omkransa av tre tusen frukttre, kor Åge, Eli Grete Høyvik og familien deira no lagar eplecider, dessertvin og fruktdram. Av dei mange frukttrea er to tredjedelar eple fordelt på 80 ulike sortar, deriblant bitre cidereple frå Normandie og Somerset. Resten er plomme, pære og kirsebær – og litt aprikos og druer!

Den største årlege opplevinga er likevel fruktbløminga:  Åge fortel at han går ut seint på natta når himmelen lysnar i nord-aust og går på nygrodd gras langs rader av kvit- og rosablømande frukttre. «Her kan du dra inn ein ange som – viss du let att augene – får deg til å tru at du går langs snorer av nyvaska laken utanfor eit fransk parfymeri.»  

Frukt og bær frå heile Vestlandet

Neste generasjon har vakse opp med å hjelpe til i hagen: beskjæring, tynning, plukking, sortering – og ikkje minst fråtsing i frukt. Den aller yngste generasjonen viser også fruktentusiasme – vesle Edda (som også er namnet på ein plommesort!) elskar å vere med bestefar Åge i hagen og smake på frukta. Ho lærte tidleg å seie både «Balholm», «plomme» og «eple».

- Frukt og bær som Balholm bruker i juicen kjem frå mange småbønder frå heile Vestlandet. Vi vil at fleire skal kunne drive med frukt – og få skikkeleg betalt for det. Det er både bra og bærekraftig når frukt som ikkje eignar seg for sal i butikk, kan bli friskpressa most. Nokre bønder leverer også heile avlinga si til oss. Saman med alle desse bøndene lagar vi dei gode smakane du kan nyte på flaske, fortel Ragnhild.

Balholm har som målsetjing at økologisk naturmost frå Sogn skal vere tilgjengeleg i daglegvarebutikkar over heile landet. Førebels er råvaretilgangen for liten til dette.

- Vi arbeider difor med å auke den økologiske fruktproduksjonen gjennom å få i stand kontraktdyrking. Sogn Jord-og Hagebruksskule i Aurland har planta ut eit eplefelt på 20 daa som årleg skal gje smakfull økologisk eplemost, seier Ragnhild.

Produkta frå Balholm får du i MENY-butikker i heile landet.