Signes Raspeball - Førde

Signes Raspeball - Førde

Hos Signes Raspeball er ikkje ei potet berre ei potet. Sidan 1993 har familiebedrifta Signes Raspeball produsert raspeball – laga for hand.

Bedrifta vart starta av gründer Signe Nydal og hennar no avdøde mann Gunnar Eliassen. I dag er det sonen Glenn som har teke over som daglig leder av Signes Raspeball. 

"Norges beste raspeball"

I starten gjekk utviklinga raskt, og i løpet av dei ti-femten første åra vart det produsert mange millionar av dei handlaga raspeballane. Dei har opp gjennom åra levert til både kafear, restaurantar, butikkar og oljeplattformer i Nordsjøen.

Sjølv om Signes Raspeball primært har vore ein suksess i Førde og Sunnfjord, har dei etter kvart også fått godt rykte i andre delar av landet.

I 2015 blei Signes Raspeball kåra til "Norges beste raspeball" av Matkontrollen på TV2. I 2017 fekk bedrifta Matmerk-symbolet for unik smaksoppleving, Spesialitetsplaketten, av landbruks- og matministeren.

Tradisjonsrik mat med kvalitet

Signe går aldri på akkord med kvaliteten på produkta sine, og som ho sjølv seier: «Eg kan gå for kvar einaste raspeball!». Signe har sjølvsagt sin eigen vesle hemmelege tvist når det gjeld ingrediensar og oppskrifta.

Gjennom alle åra med produksjon av raspeball, har Signe vorte ein ekspert på å velje ut dei rette potetsortane. Både koking, kverning, konsistens, storleik og lagringsevne må takast omsyn til.

Raspeball, klubb, komle, kumle, kompe, kump(e), potetball, klot eller ball – uansett kva ein kallar det er det ein bolle laga av potet, mjøl, salt og vatn – og av og til fylt med fleskebitar.

Raspeballen kan serverast saman med saltkjøt, stekt flesk, kålrotbitar, kålrotstappe og anna tilbehør som sukker, margarin, smør, tyttebærsyltetøy, duppe eller sirup – alt etter lokale eller familiære tradisjonar.

Retten er svært populær i Noreg, Sverige, Latvia, Ukraina og Litauen – kor han er nasjonalrett – og elles i store delar av Sentral-Europa som tilbehør.

Signes raspeballer får du i utvalgte MENY-butikker i Hordaland, Sogn & Fjordane