Heidal Ysteri - Gudbrandsdalen.

Heidal Ysteri - Gudbrandsdalen.

Brunost er for mange eit nasjonalkulturelt ikon. Den tradisjonsrike Heidalsosten lagast på gamlemåten, i former laga av ein lokal treskjærer.

Ved porten til Jotunheimen øvst i Gudbrandsdalen ligg fjellbygda Heidal. I uminnelege tider har det vore kinna smør og laga ost her, og det starta først på setrane.

- Drifta ved Stålane seterysteri begynte sumaren 1907 med fem interessentar, omlag 40 kyr og 110 geiter. Drifta føregjekk i eit gamalt seterhus, som var blitt utvida med eit tilbygg. Kokinga føregjekk i tre panner av typen som var vanleg på setrene, fortel dagleg leiar Hege Krukhaug.

I 1920 fekk dalen sitt første dampysteri, som etter kvart vart til Østlandsmeieriet – i dag kjent som Tine. Det var planer om eige ysteri i Heidal etter førre århundre, og frå i 1921 sto det altså ferdig bygd på Bjølstadvollen.

(Bilde: Cathrine Dokken)

- Det var mange tøffe år og tronge tider, men Heidal ysteri overlevde og vart etterkvart livsnerva i bygda. Ysteriet slutta seg til Østlandets melkesentral i 1930, seier Hege.

Vælkome att åt bygdn

62 år med drift seinare, i 1992, ville Tine legge ned produksjonen ved Heidal ysteri. Forslaget vekka sterke reaksjonar i bygda, og det blei kjempa hardt for å behalde det som var sett på som bygdas stoltheit. 

I 1995 var nedlegginga eit faktum, og historia om Heidalsosten og Heidal ysteri var over, sjølv om Tine framleis skulle produsere Heidalsost ved eit anna ysteri i landet.

(Bilde: Cathrine Dokken)

- Det var eit trist kapittel i Heidalbygdas historie. ”Nå stryk døm mæ hjerta åt bygdn våre,” var det ein gamal mann som sa, fortel Hege.

Eit par år gjekk, og Heidølene sakna osten sin og ville ha den attende til bygda. Det vart arbeidd med å få realisert prosjektet i to år, og BU støtta med tilskot og teikning, planlegging og bygging vart sett ut i livet.

Dei gamle lokala vart omgjort til lager for byggevarer, og difor ikkje mogleg å bruke. Det måtte byggjast nytt hus, og det blei gjort på ei tomt litt lenger sør i bygda – på Prestgards grunn. I 1999 såg ”nye” Heidal ysteri dagens ljos.

Kjøp ost fra Heidal Ysteri hos MENY

(Bilde: Cathrine Dokken)

- Etter to år med iherdig arbeid for å få osten attende til bygda, stod vi der med eit ferdig miniysteri som vi hadde bygd opp att frå skraphaugane til Tine. Vi var så heldige å finne att mykje av det utstyret som vart kjørt bort frå det opphavelege ysteriet, seier Hege og fortset;

- Mange har æra for at vi fekk til dette, ikkje minst dei folka som arbeidde på det gamle ysteriet. Det var mange som møtte opp den dagen vi kunne ynskje Heidalsosten ”vælkome att åt bygdn!” og kjenne mysusmør-lufta breie seg over bygda på nytt.

Heidalsost har en søt, syrlig og karakteristisk smak med en tydelig karamellaroma, og kan brukes på alt fra brød eller på vafler, til sauser og matlaging.

I 2004 innsåg dei at ysteriet vart for lite, og måtte utvide. Koking og stapping kunne ikkje lenger gå føre seg i same hus, og lagerplassen vart for liten. Det var også bestemt at ein skulle ta opp att produksjonen av rømmegrauten, som dei kokte på gamle Heidal ysteri, og til det måtte ein ha fryselager.

(Bilde: Cathrine Dokken)

Norsk kulturarv og tradisjon i form av ost og graut

I dag blir det produsert ost og rømmegraut heile året, og etterspørselen etter både ost og graut har i alle år auka. Ysteriet har fire tilsette, og mykje av produksjonen går føre seg manuelt.

Ved å produsere lokale varer og produkt får vi eit rikt mangfald, og mat og matprodukt er ein fin måte å formidle det særnorske.

Tidlegare var det vanleg at kvar gård hadde si treform med eit eige unikt mønster til sine ostar. Heidal Ysteri har teke med seg denne tradisjonen, og lagar brunost som små kunstverk.

På grunn av sin gode smak, unike form og flotte emballasje har osten vunnet flere priser, og blitt en viktig del av Heidals kulturarv. 

Produkt frå Heidal Ysteri får du i dei fleste MENY-butikkar.