Ekstra mørt fenalår av finaste
lammekjøt, laga til slik vossingane
alltid har gjort det. Tørr og lakesalta
og røykt i røykomn med
spesialkomponert flisblanding.
Eller berre tørr og lakesalta.
Begge typar Fenalår frå Vossakjøt
heng til naturleg modning under
dagleg oppsyn i minst fire månader.
Vind, vêr og eit godt trena auge avgjer
når kjøtet er ferdig.
Du kan ikkje skunde på ekte fenalår.
Godt kjøt tar den tida det tar.