Liten pike står i fjøsdøren og ser utover fjellet med beitende kyr

Rueslåtten Ysteri - Hol i Hallingdal

Eventyrlege ostar av lokal, rå mjølk

På garden Rueslåtten i Hol ligg Rueslåtten Ysteriet. Både garden
og ysteriet vert drive av Jarle Rueslåtten og kona Rakel Hodne.

Rueslåtten Ysteri er ein av åtte produsentar som saman utgjer Ostebygda. Og på Rueslåtten har dei godkjenning for ysting av rå dvs. upasteurisert mjølk fra ku og geit. Kumjølka kjem frå eigen gard og geitemelka leverer nabogarden Øvrejorde.

Laster produkter

I fjøset bur 30 kyr av ulike rasar, som jerseyfe og NRF. Dei gir mjølk med ulike kvalitetar. Om sumaren er kyrne ute på stølen, slik glade kyr skal vere.

Frå Øvrejorde leverast geitemjølk i verdsklasse, noko ein berre får om ein har friske og fornøgde geiter. Geitene beitar også i fjellet på stølen heile summaren.

Flere kuer beiter på en grønn eng med fjell og blå himmel i bakgrunnen.

Friskt fjellbeite sumarstid gir glade kyr og god mjølk

Ingen sjølvfølge

Begge er vekst opp i byggefelt, Jarle i Sauda og Rakel på Karmøy.

I 2003 flytta dei til Hol i Hallingdal, og overtok garden etter Einar - onkel til Jarle. Garden har vert i slekta sidan starten på 1800.

Den gang var det drift med åtte mjølkekyr og pelsdyrhald, som var en tradisjonell kombinasjon i fjellbygdane. Pelsdyrhaldet avslutta dei i 2008, og søkte etter nye veger for å auke verdiskapinga av gardens ressursar.

Rakel og Jarle på setervollen ved Guristølen

Rachel og Jarle på Gurostølen

-Vi ønskte å skape ein fulltids-arbeidsplass på garden inkludert mjølkeproduksjonen, der den eine av oss hald frem med jobb utanom, forteller Jarle.

-Så starta vi så smått med å reise på ulike kurs i inn og utland, da mest mot Frankrike. Etter litt ulike vurderingar på kva vi skulle fortsette med, stod ysteriet ferdig hausten 2013, fortsetter Rakel.

I 2021 utvida dei drifta og flyttet folk og fe til garden Larsgard et steinkast unna. Her fikk kyr flytte inn i eit moderne løsdriftfjøs og familien fikk endeleg eigen støl, Gurostølen.

I dag er begge fulltids engasjert i ysteri og gardsdrifta i tillegg til at vi har 2-3 medarbeidarar på full tid.

En person i hvit kjeledress står bak en stor, flat overflate i et ysteri, med utstyr og rør på veggen i bakgrunnen.

I ysteriet er Rakel sjefen og ansvarlig for produktutvikling og produksjon

I dag er begge fulltids engasjert i ysteri og gardsdrifta i tillegg til at vi har 2-3 medarbeidarar på full tid.

Jarle Rueslåtten

Fem utvalde ostar

Etter nokre år med produktutvikling har Rueslåtten Ysteri landa på fem ostar, og fleire av dei har fått gjeve medaljer i NM og VM.

Et stykke gul ost på et trebrett mot en grå bakgrunn

Fanitullen er ein fastost av rein, rå, upasteuriset kumjølk som bare blir betre og betre med lagring

Fanitullen

Fanitullen er ein stor, fast, upasteurisert lagringsost laga på rein, rå kumjølk. Han blir seld i 200g bitar. Smaken er fyldig og blir kraftigare ved langtidslagring. Fanitullen har vorte lagra i minimum 10 månader før den går vidare til kunde.

Prøv Fanitullen på hamburgeren eller pizzaen.

Et stykke ost på en trebordflate med en grå bakgrunn, trolig en del av et ostefat eller en matopplevelse.

St. Pål er ysta på like deler ku- og geitemjølk. Geitemjølka gir en kraftigare smak

St. Pål

St. Pål liknar Fanitullen, men er laga med like delar ku- og geitemjølk. Geitemjølka frå Øvrejorde gjer St. Pål kraftigare på smak og får han i tillegg til å modne litt raskare. Han har vorte lagra i minimum seks månader.

Kva med å rive litt St. Pål i sundagsomeletten?

Pakke og stykker av rødkittosten Lein

Lein er en myk rødkittost med gode smelteegenskaper - prøv den til raclette.

Lein

Lein er ein mjuk rødkittost, laga på rein kumjølk. For å få fram den gode rødkittskorpa blir osten vaska med saltlake dei første dagane på lager. Etter nokre veker er den klar til å pakkast. Osten blir levert i heile hjul på 500g til butikk. Lein er oppkalla etter Lars Lein som var Lord Garvag sin fjellførar og ven.

Osten fekk gullmedalje i oste-NM i 2025

Et stykke gul ost på en treplate med en grå bakgrunn.

Lord Garvah er ein halvfast rødkittost ysta av kumjølk og oppkalt etter den engelske lorden som treivst så godt i traktene rundt Hallingskarvet

Lord Garvagh

Lord Garvagh har mykje til felles med Rød Geit, bortsett frå at han er laga på rein kumjølk. Lord Garvagh er ein, halvfast rødkittost som er vaska i saltvatn. Osten smaker aller best om han får ligge minst eit par månader. Namnet har han arva frå den britiske adelsmannen Lord Garvagh, som treivst godt i fjellheimen i  området i riktig gamle dagar og bygde hytte i Folarskaret – den einaste hytta i sjølve Hallingskarvet, som i dag kallast Lordehytta.

Skjær ei tjukk skive Lord Garvagh og lune den i omnen. Servere den med heimebaka rugbrød til.

En rull med kubbeost på et trebord, med en skåret bit som viser ostens kremete innside.

Kubbeosten er ein geitost av chevrétype og blei kåra til Årets Ost av Det norske måltid 2019

Kubbeost

Kubbeosten av geitemjølk er ein modna kremost, som er modna med mjølkesopp. Ofte vert denne ostetypen kalla chevré. Osten fekk ein gjev sølvmedalje i oste-VM i 2023 og blei kåra til årets ost av Det Norsk måltid 2019.

Trefjølene som Kubbeostane ligg på, er laga i samarbeid med Vinn Hallingdal – eit arbeidstreningstiltak i Hol. Trefjølene er eit ledd i den lokale verdiskapinga. Viktig for osten, bonden og miljøet.

Skjær ei god skive Kubbeost og varme den i eit par minuttar i omnen. Servere med solbærsirup og nokre hasselnøtter vendt i varmt sukker.

Ostene fra Rueslåtten Ysteri er tilgjengelig i utvalgte MENY-butikker i hele landet. Finner du ikke osten spør i din MENY-butikk så kan de bestille den til deg.