Valldal Grønt - Sunnmøre

Valldal Grønt - Sunnmøre

I Valldal på Sunnmøre har det vore dyrka jordbær i ca. 100 år. På grunn av den lange og til dels kjølige våren i området, får bæra tid til å utvikle god smak og aroma, og til å bli til velkjente «Valldalbær».

Valldal er et dalføre som går frå Storfjorden på Sunnmøre og ender på toppen av Trollstigen. I Valldal har dei gjennom generasjonar opparbeida seg kunnskap og erfaring med å dyrke jordbær med fin størrelse og som blir ekstra søte og saftige.

Kanskje verdas beste jordbær

Valldal Grønt er eit produsenteigd selskap i Valldal i Norddal kommune på Sunnmøre med ca. 90 aksjonærar. Det er ca. 26 bønder som leverer det dei produserer til Valldal Grønt, som vidare tek seg av mottak, kvalitetsarbeid, kjøl, frys, sal og distribusjon. Størstedelen av det som blir produsert er jordbær.

Valldalbær har blitt eit begrep i Møre og Romsdal når det gjeld jordbær, og det er det Valldal blir assosiert med. Norddal har til og med jordbær i kommunevåpenet sitt!

Det er naturgitte forhold, jordsmonn, klima og dyktige produsentar som gjer at dei får fram det som kanskje er verdas beste jordbær. Jordbæra frå Valldal særpregast av den gode og søte smaken, og produsentane er langt unna å klare å produsere nok i forhold til etterspørselen.

Det er også ein aukande andel bringebær i Valldal – fine, store og søte bær som også trivs svært godt i området. Bæra skil seg frå dei utanlandske, både når det gjeld utsjånad og smak.

Står for halvparten av jordbær til matvareindustrien

Valldal Grønt har ca. 20 jordbærprodusentar i området, inkludert store og små. All produksjon føregår på friland, og for å få all bæra i hus kan det være opp till 400-600 bærplukkarar i dalen i sesongen.

Produsentane i Valldal står for omlag 50 prosent av den delen av norskproduserte jordbær som går til matvareindustrien i Noreg.

Bæra til Valldal får du i utvalde MENY-butikker