Grindal ysteri - Rennebu

Grindal ysteri - Rennebu

Frå den reine råvara, gjennom solid mathandverk, til ostar med raus smak.

Forteljinga om Grindal handlar om søstrene som ikkje ville flytte heim frå setra.

Den gode kvardagen på setra var fylt med kyr og mjølkestell. Setra er langt frå straum og bilveg, men gjeve oss tallause gode måltid med råvarer dei fleste berre kan drøyme om. Da heimflyttardagen kom, var løysinga klar; søstrene måtte bygge seg ysteri heime. Dei norske tradisjonsprodukta skulle få leva vidare på setra, medan verdiane frå seterlivet fekk vera med på seterlasset heim.

Grindal Ysteri er et lite, økologisk handverksysteri i Rennebu. Her ystes det ost av fersk råmelk fra egne kuer og geiter. Grindal Ysteri drives i dag av søstrene Turid og Ragnhild Nordbø.

Ragnhild var odelsjenta som skulle komme hjem igjen. Det var fasinasjon over at melk ble til ost som gjorde at hun dro hjemmefra. Ragnhild gikk sitt første seter- og ystekurs då hun var 14 år, hun studerte næringmiddelfag på Ås, og har i mange år jobba med undervisning, kursing og rådgivning innan småskala melkeforedling.

Turid er dagleg leiar, hun er lillesøstra som aldri skulle flytte hjem igjen til Grindal, men som gjorde det lell, fordi dette var den beste plassen om en ville få jord under neglene, dyr i fjøset, og ete seg mett på god ost. Turid har vært sætertaus på Jelsetra i alle sine år, i tillegg har hun jobba på flere gardsysteri i Norge.

Nærleik til heile produksjonen, fridomen ved å sjølv ha styring over dagen, og gleda med å sjå korleis mjølka kan bli til så mange ulike smakar. Vi har vore heldige og fått inspirasjon frå mange kantar, både i inn og utland. Det har gjeve oss smaken på kvalitetsost og gjort oss nyfikne, slik at vi alltid må prøve noko nytt. Slik vart det til at Grindal produserer ostar med anar frå andre himmelstrok, ostar som osteelskarar drøymer om!

Mjølk er levande og må handsamast med varsemd. Derfor nyttar vi fersk, rå mjølk til produkta våre. Mjølka strøymer varsamt ned i ystekaret, rett frå mjølkestallen. I ystekaret set vi i gang den biologiske prosessen som forvandlar mjølk til ost. Heile ystinga skjer for hand for å følgje med og justere ystinga, slik at osten blir best mogleg. Dette er solid mathandverk.

Ostane blir modna på eit naturleg lager med høg luftråme. Dei blir snudd for hand, vi luktar og smakar på dei undervegs, slik at vi er heilt sikre på at vi sender frå oss modne og smakfulle ostar. Ostar som ber med seg ei historie om ein heilhjerta produksjonsprosess, og ein raus smak.

Åskeladd

– fersk ost av økologisk kumelk. Åskeladd er en mild ost, med fløteprega aroma. Melkesoppen, det tynne fløyelslaget utenpå osten, gir en antydning til skogsopparoma. Fin skorpe med aske delvis dekket av hvit muggsopp. Bløt i ytterkant mot skorpen og krittaktig kjerne. Lette blomstertoner med markert søtlig duft i retning av honning.

Åskeladd er fin på ostebordet og dessert, samt frokost. Mild, men samtidig unik ost som har mange bruksområder.

Råblå

– fast blåmuggost laget av økologisk råmelk fra ku, mot slutten av sommersesongen hender det at Råblå produseres med ku- og geitemelk. Modnes i 2-3 måneder. Lys gyllen ostemasse med vakker marmorering av blåmugg. Råblå vant VM-gull i 2018 og ble kåret til årets ost i Det Norske Måltid 2018. Unik, fyldig og kremete smak med markant blåmuggsmak. Smaken har et søtlig anslag med gode muggtoner, friskhet og salt.

Myrull

er laget av rå og fersk geitemelk. Kombinert med en forsiktig modning med melkesopp, får vi enn mild og rund, men likevel særpreget smak. Osten gir et middels kraftig smaksbidrag til ostebordet, og er god med honning til dessert.

Uhøvla feta

– Grindal ysteri sin egen versjon av feta osten, laget av økologisk kumelk, modnet i saltlake i minimum 6måneder. Her har du en fyldig, sprø, kraftig og salt ost i fin balanse. Passe salt, flott til salater, taco og supper. Fin til sommersalat med vannmelon og fennikel.

Ostene fra Grindal ysteri får du hos utvalgte MENY butikker i Trondheim, Bergen, Stavanger, i Oslo-området, Drøbak, Porsgrunn og Åsgårdstrand