Leiren laks - Stamnes

Leiren laks - Stamnes

Smaken av barndom. Hordaland.

Halstein O. Leiren har interessert seg for å røykje laks lenge, og lærte metoden av sine foreldre. Alt blir laga for hand på gamaldags vis, og tradisjon og kvalitet står i høgsetet. I 2013 var Leiren Laks med i NM for både røykt og grava laks og fekk to 3. plassar.

Som på dei fleste gardar, hadde også me eit lite røykjehus, her  “oppi jelæ”. Det var tungvint å gå opp der mørke kveldar om vinteren, med fisken som skulle røykjast og som var ferdig røykt på akebrettet.Glatt var det også. Dette resulterte i at delar av floren vart omgjort til eit lite røykjeri.

Eit søskenbarn tipsa om at fisken var så god at denne burde seljast vidare i butikkar. Etter litt nøling så gjorde me det og røykjeriet er i dag utvida på nytt. 

Laga etter god gamal tradisjon frå Stamnes.

Leiren laks er ei verksemd som foredlar laks, ørret og regnbogeørret slik tidlegare generasjonar alltid har gjort det på garden.

Me held til i den vetle Vestlandsbygda Stamnes, innerst i Osterfjorden. Her har det vore fiska etter laks og ørret i årtider frå laksegilja vår, eit utuleg byggverk plassert på ei fjellhylle 20m over fjorden.

Det var den ettertrakta Vossolaksen som vart fanga. Den var kjendt for sin svært gode kvalitet. Røykjing av fisk var ein naturleg del av livet og matauken på garden og den vart sjølvsagt servert i festlege lag.

Den gamle røkjetradsjonen lever vidare den dag i dag. Det kjenner du på smaken.

Ei gilje er ei lita hytte eller observasjonesplass der fiskarane sit og vaktar laksenota. Fiskarane må difor sjå fisken med det blotte auge for å kunne fange han.

Polaroide briller var eit godt verktøy for å sjå betre i sjøen. Som oftast var det to personar som vakta nota frå tidleg om morgonen ved daggry, til seint om kvelden då skumringa kom.

Laksefisket var ei attåtnæring til den tradisjonelle gardsdrifta og fann stad frå midten av mai til slutten av august. Fiskarane budde for det meste på gilja medan fisket pågjekk. Tilkomst til gilja var oftast frå sjøen, langs ei berghylle på ein bratt sti og opp fleire stigar.

Laksenota var forma som ein stor kasse med botn og tre veggar. Den innerste delan var omlag 10 m. brei og den ytterste delen, der fisken kom inn, var omlag 40m brei. Lengda på nota var omlag 50m. Nota var forankra til botn med iler og til faste punkt på land.

Når fiskarane såg laksen kome inn i nota måtte dei vere raske med å stengja nota slik at fisken ikkje snudde og gjekk ut att. Fiskaren -drog laust- som det heiter.

Giljene vart plassert der det var mest naturleg at fisken gjekk mot land, noko straumane i sjøen var med å styre. Lysforhold og oversikta til nota var også avgjerande for plasseringa.

Denne spesielle måten å fiske på har histore langt tilbake i tid. Kanskje det er lov å håpe at ein dag skal generasjonar etter oss få oppleve dette eventyret?

Produktene fra Leiren Laks får du i utvalgte MENY-butikker i Hordaland.