Homlagarden - Norheimsund

Homlagarden - Norheimsund

Homlagardens kalkuner går fritt på beite hver dag. Slikt blir det prisvinnende, økologiske kalkunprodukter av.

Kvar morgon flaksar hundrevis av kalkunar ned mot frukttre og grøne bakkar på Homlagarden i Hardanger. Dei meskar seg i natureng med blomar og frodig gras, ville bær og urteplantar. Naskar til seg litt eple og plomme i ny og ne, snappar insekt i skogbrynet, jordbadar og lever glade dagar i det fri. Om ettermiddagen vandrar dei heim til kveldsmat og kvile.

Homlagarden sin kalkun går fritt på beite kvar dag. Dei får økologisk fôr og mykje mosjon. Dette gjer at fuglane får ein seinare og naturleg vekst som gir kjøttet fylde, farge konsistens og smak av beste kvalitet! 

Økologisk fôr har ingen rester av sprøytemidlar og inneheld ikkje koksidiostatika (preventiv medisin). Kalkunane får rein og naturleg mat. I tillegg har dei god plass både inne og ute. Økologisk fôr, uteliv, god plass og god hygiene styrkar trivsel og helse.

Vår Black Turkey kalkun stammer frå kalkun som spanjolane importerte frå Mellom-Amerika på 1600-talet. Det er ein seinvaksande kalkun med smaken av fugl.

Våre "sous vide" produkt som Kalkunbryst marinert  kallast for "Flow Food": Fast Slow Food. Det økologiske oppdrett står for seinare, naturleg vekst og er dermed "Slow".

Produktet er deretter ferdig dampkokt på 76°C kjernetemperatur og krydra med delikate økologiske  urter. Forbrukaren varme opp kjøttet i posen eller brukar det i salat eller som pålegg. Forbruket er altså veldig lett.

- No har Økodrift Homlagarden AS ein årleg produksjon av økologiske kalkun og kylling på 7 bruk i Hardanger og eit bruk i Vestfold. Eit innovativt driftssamarbeid der Homlagarden eig og administrerer produksjonen, men leiger bygg, areal og arbeids-kraft frå dei samarbeidande bruka, sier Bjørn Brynjolf Pedersen.

Eg kjøpte Homlagarden i 1974. Med på lasset hadde eg ti kalkunkyllingar. Sidan den gongen har den vesle kalkunflokken vakse seg til fleire tusen medlemer.

- Drifta er godkjent av Mattilsynet og DEBIO. Produksjonen er på omlag 13 000 kalkun og 7500 kylling årleg. Desse vert slakta og pakka i eige EU godkjent slakteri, forteller Bjørn.

Kalkunen til Homlagarden får du i utvalgte MENY-butikker.