Rueslåtten Ysteri - Hol i Hallingdal

Rueslåtten Ysteri - Hol i Hallingdal

Eventyrlege ostar av lokal, rå mjølk

Midt mellom Oslo og Bergen ligg ei vakker fjellbygd der folk har drive gardsdrift og ysta ost i hundrevis av år. Her beitar dei flottaste kyrne på det friskaste fjellgraset, og glade geiter sprett rundt i fjellheimen om sumaren og vel seg ut dei mest velsmakande urtene til mjølkeproduksjonen. Slikt blir det ost i verdsklasse av!

Friskt fjellbeite sumarstid gir glade kyr og god mjølk Friskt fjellbeite sumarstid gir glade kyr og god mjølk

Kortreist felleskap

På garden Rueslåtten ligg ysteriet vegg i vegg med fjøset. Både garden
og ysteriet blir drive av Jarle Rueslåtten og sambuaren Rakel.

Rueslåtten Ysteri er ein av åtte produsentar som saman utgjer Ostebygda. Og på Rueslåtten har de godkjenning for ysting av rå dvs. upasteurisert mjølk fra ku og geit, og ystar av mjølk frå gardane rundt og eigen gard.

I fjøset bur 16 kyr av ulike rasar, både telemarksfe, vestlandsk fjordfe, jerseyfe og NRF, som gir mjølk med ulike kvalitetar. Om sumaren er kyrne ute på stølen, slik glade kyr skal vere.

Frå Øvrejorde leverast mjølk i verdsklasse, noko ein berre får om ein har friske og fornøgde geiter.

På Rueslåtten er heile familien i sving med dyr og ysteri På Rueslåtten er heile familien i sving med dyr og ysteri

Ingen sjølvfølge

Begge er vi vekst opp i byggefelt, Jarle i Sauda og Rakel på Karmøy.

I 2003 flytta vi til Hol i Hallingdal, og overtok ein gard etter Einar - onkel til Jarle. Garden har vert i slekta sidan starten på 1800.

Den gang var det drift med åtte mjølkekyr og pelsdyrhald, som var en tradisjonell kombinasjon i fjellbygdane. Pelsdyrhaldet avslutta vi i 2008, og søkte etter nye veger for å auke verdiskapinga ut av gardens ressursar.

Vi ønskte å skape ein fulltids-arbeidsplass på garden inkludert mjølkeproduksjonen, der den eine av oss hald frem med jobb utanom.

Vi starta så smått med å reise på ulike kurs i inn og utland, da mest mot Frankrike. Etter litt ulike vurderingar på kva vi skulle fortsette med, stod ysteriet ferdig hausten 2013. Men det er ikkje alt går etter planen, i dag er begge fulltids engasjert i ysteri og gardsdrifta i tillegg til at vi har ein medarbeidar på full tid.

I ysteriet er Rakel sjefen og ansvarlig for produktutvikling og produksjon I ysteriet er Rakel sjefen og ansvarlig for produktutvikling og produksjon

Seks utvalde ostar

Etter nokre år med produktutvikling har Rueslåtten ysteri landa på seks ostar, og to av dei har vunne bronsemedalje i VM i ost og fleire medaljer i NM Gardsost..

StoreVelten er ein fastost av upasteuriset kumjølk som bare blir betre og betre med lagring StoreVelten er ein fastost av upasteuriset kumjølk som bare blir betre og betre med lagring

StoreVelten

StoreVelten er ein stor, fast, upasteurisert lagringsost laga på rein, rå kumjølk. Han blir selt som heile hjul på 15 kilo som delast i passe stykke i butikken. Smaken er mild og fin og blir kraftigare ved langtidslagring. StoreVelten har vorte lagra i minimum seks månader før den går vidare til kunde.

Prøv StoreVelten på hamburgeren eller pizzaen.

St. Pål er ysta på like deler ku- og geitemjølk. Geitemjølka gir en kraftigare smak St. Pål er ysta på like deler ku- og geitemjølk. Geitemjølka gir en kraftigare smak

St. Pål

St. Pål liknar StoreVelten, men er laga med like delar ku- og geitemjølk. Geitemjølka frå Øvrejorde gjer St. Pål kraftigare på smak og får han i tillegg til å modne litt raskare.  Han har vorte lagra i minimum seks månader.

Kva med å rive litt St. Pål i sundagsomeletten?

Rød Geit er en halvfast rødkittost ysta på rein geitemjølk Rød Geit er en halvfast rødkittost ysta på rein geitemjølk

Rød Geit

Rød Geit er ein halvfast rødkittost laga på rein geitemjølk. Rødkitten som osten er pakka inn i, blir vaska med saltvatn, noko som gir ein god og litt salt kittsmak. Rød Geit har vore med i VM i ost – World Cheese Awards, to gonger, i 2017 og 2018, og vann bronsemedalje begge gongene.

Servere litt store stykker av Rød Geit, saman med god honning.

Lord Garvah er ein halvfast rødkittost ysta av kumjølk og oppkalt etter den engelske lorden som treivst så godt i traktene rundt Hallingskarvet Lord Garvah er ein halvfast rødkittost ysta av kumjølk og oppkalt etter den engelske lorden som treivst så godt i traktene rundt Hallingskarvet

Lord Garvagh

Lord Garvagh har mykje til felles med Rød Geit, bortsett frå at han er laga på rein kumjølk. Lord Garvagh er ein, halvfast rødkittost som er vaska i saltvatn. Osten smaker aller best om han får ligge minst eit par månader. Namnet har han arva frå den britiske adelsmannen Lord Garvagh, som treivst godt i fjellheimen i  området i riktig gamle dagar og bygde hytte i Folarskaret – den einaste hytta i sjølve Hallingskarvet, som i dag kallast Lordehytta.

Skjær ei tjukk skive Lord Garvagh og lune den i omnen. Servere den med heimebaka rugbrød til.

Kubbeosten er ein geitost av chevrétype og blei kåra til Årets Ost av Det norske måltid 2019 Kubbeosten er ein geitost av chevrétype og blei kåra til Årets Ost av Det norske måltid 2019

Kubbeost

Kubbeosten av geitemjølk er ein modna kremost, som er modna med mjølkesopp. Ofte vert denne ostetypen kalla chevré. Osten fekk ein gjev bronsemedalje i oste-VM i 2018 og blei kåra til årets ost av Det Norsk måltid 2019.

Trefjølene som Kubbeostane ligg på, er laga i samarbeid med Vinn Hallingdal – eit arbeidstreningstiltak på Gol. Trefjølene er eit ledd i den  lokale verdiskapinga. Viktig for osten, bonden og miljøet.

Skjær ei god skive Kubbeost og varme den i eit par minuttar i omnen. Servere med solbærsirup og nokre hasselnøtter vendt i varmt sukker.

Ostene fra Rueslåtten Ysteri er tilgjengelig i utvalgte MENY-butikker i hele landet. Finner du ikke osten spør i din MENY-butikk så kan de bestille den til deg.